
Vi er i gang med utviklinga av nettsidene til ein av våre kundar, og her er det store mengdar informasjon som skal publiserast. Når vi lagar ei nettside av ein viss størrelse går det mykje tid til planlegging før skissing.
Det finns mengdar av verktøy for ein slik jobb, og ofte blir nettstadskartet og det visuelle haldt kvar for seg. Med Protoshare kan vi designe klikkbare skisser og utbrodere disse med grafikk, slik at kunden får eit reelt intrykk av korleis sida vil fungere, før den egentlige programmeringa er byrja. Og alt skjer online, rett i browseren!
Kunden kan også gå inn og kommentere i skissa og vi har moglegheit til å ta endringane medan kunden sit ‘i andre enden’ og ser på. I tillegg kan dei som skal utvikle sida i kundens publiseringssystem kommentere og endre om dei ynskjer det.
På denne måten kan vi minimere sjangsen for at misforståingar oppstår mellom kundar, utviklarar og designarar.
Vår erfaring med Protoshare har vore svært positive no heilt i starten av jobben, med unntak av ei i overkant lang nedetid ein føremiddag. Det at Protoshare er web-basert er svært gunstig, men som ein nyoppstarta applikasjon med begrensa support tok det i overkant lang tid før dei var oppe igjen. Frustrasjonen over dette var tydlig i eit par av mine Twitter-poster. Heldigvis er Protoshare-gjengen svært audmjuke og det kom fram at dette ikkje var deira feil.
Linker
Legg inn kommentar